Vitskap viser til organisert kunnskap innanfor eit felt. Omgrepet har utvikla seg gjennom tidene, og dagens vestlege disiplinar følgjer eit vitskapsomgrep utvikla rundt 1700-talet, då ein innan naturvitskapane tok til å utvikla teoriar og utføra eksperiment for å støtta eller motprova desse.
På jorda er det vassdamp som kondenserer og dannar små vassdråpar (typisk 0,01 mm) eller iskrystallar. Ein slik dråpe eller krystall saman med millionar av andre er for oss synleg som skyer. Som regel vert skyene danna i samband med vertikale luftrørsler, som konveksjon, luft som vert tvunge over eit høgareliggande terreng eller storskala luftrørsler i samband med vêrfrontar.
Skyer reflekterer og spreier alle bølgjelengder av synleg lys likt og er som regel kvite, men dei kan vere grå eller til og med svarte dersom dei er så tjukke eller tette at sollys ikkje kan passere gjennom dei.
...ein reknar med at delar av den 280 000 lysår lange halen til Rumpetrollgalaksen etter kvart vil brekka av og danna nye galaksar som vil krinsa rundt modergalaksen?